- Det passar meg heilt
perfekt, seier Astrid og smiler nøgd bak vaffelpressa. I sommar skal ho
vere ekstra lenge på Akkerhaugen. Ho og to venninner syter nemleg for at
besøkande til Akkerhaugen bryggje får seg ein solid kaffikopp med noko
attåt. Resultatet blir nokre kroner i kassa og mange gode dagar på ein
kjær plass.
PÅ SKYSSTASJONEN
Sjølv om Astrid og dei to
medhjelparane hennar har fått det triveleg i kafeen på bryggja, i den
såkalla «Bryggebua», er dette påskotet for å kunne bruke fleire dagar i
området. For i den gamle skysstasjonen på Lonaodden er det at brikkene for
alvor fell på plass. Og etter at dei siste vaflane var servert på bryggja
ein sommarkveld, vart TA med på ei lita historisk vandring på staden.
Idyllisk lokalisert ved
vasskanten og med 1600-tals bygningar i tunet, er det at sommarfreden
senkar seg for alvor.
- Er det rart eg vil
tilbake hit, undrar Astrid og ser seg om kring på det frodige uteområdet.
Trass i mangel på innlagt straum og vatn, lever Astrid sommarlivets aller
beste og glade dagar på Lonaodden.
- Det er nå litt av
sommarkjensla og sjarmen også det da, å kunne leve litt enkelt og ta det
som det kjem, seier Astrid tilfreds. For her har ho strekt sommarferiane
sine så godt ho har kunna i båe retningar i mangfaldige år. Men i år fekk
ho for alvor sjansen.
- Det er jo slik at klarar
ein å kombinere litt arbeid og fritid, blir moglegheitene langt større,
smiler skienskvinna, og føler seg solid planta på heimebane. For sjølv om
ho på langt nær kjenner til alt som har skjedd på innsida og utsida av
husets fire veggar, er ho utan tvil omkransa av spennande kultur og
historie.
MYKJE BEVART
Den gamle skysstasjonen
var frå 1700-talet eit sentralt knutepunkt på Akkerhaugen. 15 prammar låg
jamt lina opp på utsida, det var skjenkerett og ein stad der folk og varer
møttest. Staden ber framleis preg av det.
- Det er nok mykje ein
ikkje veit, men ein del ser ein jo. Då eg overtok denne staden etter ei
gammal tante av meg for nokre år tilbake, var mangt og mykje framleis godt
bevart, fortel Astrid, og innrømmer at ein del av denne tanken verkeleg
har fascinert henne.
- Det er ikkje stort eg
har kasta sjølv. Så lite som råd, eigentleg. Difor finst her litt av
kvart; klede, sko, reiskap, møblement og bilete, som skriv seg langt
attende i tid, seier ho, og synest dette gjer staden ekstra staseleg og
gjev han eit mystisk og historisk sus.
SPENNANDE PLASS
- Eg har stort sett tatt
vare på det som er av nips og gjenstandar og brukar det rett og slett som
pynt, både ute og inne. Så då føler eg liksom at skysstasjonen lever litt
vidare, smiler Astrid, som innrømmer at trass i sommarferie med sommarjobb
på si, likevel har nok å gjere når kveldssola seinkar seg.
- Litt både og er det
klart at det er med gamle hus, og arbeidslaus blir ein aldri. Men det er
mest kos. Og med sesongarbeidet i ryggen har eg enno høve til å nyte dette
livet i fleire veker, smiler gjerpenskvinna, og gler seg over dei glade
dagane på Lonaodden.