For med sitjeplassar til
knappe 100 personar, vart det eit eksklusivt, nært og friskt møte med dei
to musikarane. Flaata og Grini fekk det verkeleg til å gynge på Norsjø.
IDYLLISK RAMME
Trass i ein litt luftig start
på båtturen hadde ikkje passasjerane vanskar med å halde verken humør
eller engasjement oppe. I ei idyllisk ramme av frodig og vakker
telemarksnatur, tøffa M/S Telemarken forsiktig nedover kanalen og gav dei
reisande ein sjeldan halvannan time lang båttur. Flaata trassa vind og eit
sensitivt lydutstyr, etterspurde låtval og fekk respons frå publikum. Og
som krona på verket, tok det ustabile veret brått ein ny kurs ettersom
musikktonane strøymde på, og slepte for alvor sola gjennom det tjukke
skylaget.
BRAUT ISEN
Konserten baud på ein herleg
miks av coverlåtar og eigne prosjekt, og sprikte godt mellom god rock og
rolege balladar. Nyare og eldre låtar vann fram, og gode forslag frå
publikum stod i kø. Ved sida av den gitarspelande sat også ein stor
Flaata-fan, Kristine Stensen. Og gjennom henne, ført i ordet av Flaata
sjølv, fekk publikum dessutan kjennskap til både lokalhistorie,
barndomsstrekar og dialektale utfordringar i området. Isen var med dette
for alvor broten, og musikarar og publikum både lo og skålte godt saman
mellom slaga.
VILLE MEIR
Nokon og ein kvar kunne nok
ønskt at båtturen bare så vidt hadde begynt før det heile var over. Vinden
hadde løgna, sola skein om kapp med musikarane, som verkeleg var i gang
med å spele seg varme. Avslutningsnummeret «Great balls of fire» fekk
nesten taket til å letne, med solistiske innslag på synth og gitar, som må
kallast sjeldne varer på ein båttur. Eit takksamt publikum fekk servert
eitt ekstranummer medan skuta vart lagt til kai ved Akkerhaugen Bryggje
att. Og trass i trampeklapp og jublande rop måtte dei motvillige ta beina
fatt, og godta at både turen og konserten var over.
Det er ikkje vanskeleg å
forstå at konsertkonseptet har vore etterlengta av Kartstyret i fleire år.
For dette var verkeleg verdt å vente på.